1. Namnet på laget skal vera Judaberg Båtforening, adr. Fåholmen 30, 4160 Finnøy. Båtplass/ båtgarasje kan overførast til medlemmer av den nære familie: Ektemake og born. Den som overtek må fylgja dei krava som vedtektene set for medlemsskap. Det stilles krav om at alle båtar som ligg i båthamna, skal være forsikra med minimum ansvarsforsikring. 
  2. Ved innmelding skal det oppgis fullt namn, e-post, postadresse og telefonnummer. Dersom båtforeningen må nytta vanlig postgang ved utsending av faktura eller andre meldinger som elles kan sendas som e-post, vil det koma til ein ekstra kostnad på kr. 100,-.
  3. Føremålet til laget er å fremja interessa for båtliv, arbeida for gode hamnetilhøve, og på andre måtar ivareta medlemmene sine interesser.
  4. Judaberg Båtforening skal ha eit styre på fem medlemmer: Leiar, nestleiar, kasserar, skrivar og hamnesjef. Utanom leiar og nestleiar, som blir valt av årsmøte, fordeler styret sjølv dei ulike verva seg imellom.
  5. Styret har ansvaret for den daglege drifta av båtforeininga, og for at båtforeininga sine eigedommar blir ettersett og vedlikehaldne.
  6. Det skal førast styre- og møteprotokoll.
  7. Det skal haldast styremøte så ofte styreleiaren eller andre av styremedlemmene finn det påkravd.
  8. Styret skal kvart år leggja årsmelding fram for årsmøte, saman med revidert. rekneskap. Utdrag av rekneskapen skal sendast medlemmene på e-post saman med innkalling til årsmøtet.
  9. Årsmøtet skal haldast innan utgangen av februar månad kvart år. Medlemmane skal ha innkallinga minst ei veke i førevegen . Ekstraordinært årsmøte kan innkallast dersom styret eller minst 1/6 av medlemmene krev det. Røysterett på årsmøte har dei som har betalt medlemspengane seinast 31/12 føregåande år.
  10.  På årsmøte skal dette vera føre:
    1. Årsmelding
    2. Rekneskap
    3. Val av leiar og nestleiar for eitt år
    4. Val av øvrige styremedlemmer for to år
    5. Val av to varamedlemmer til styret for eitt år
    6. Val av revisorar
    7. Val av valkomité på tre medlemmer
    8. Fastsetjing av medlemskontingent og båtplassavgift
    9. Andre saker
    10. Årsmøtet avgjer alle saker utanom vedtektsendringar med simpelt fleirtal. Står røystetalet likt, skal loddtrekning nyttast.
  11. Styremedlemmer kan nekta attval når dei har vare med i styret to år i samanheng.
  12. Eit medlem må ha betalt medlemspengar og innskot for båtplass før hamnesjefen kan tilvisa plass. Ein betaler eit eingongsinnskot som blir nedskrive øve 20 år. Nedskrivinga startar 01.01.2015. For nye medlemmer etter denne dato, tar nedskrivinga til frå dato for innbetaling av eingongsinnskotet. Dersom festar av båtplass ikkje nyttar plassen til eigen båt innan to år, misser vedkommende plassen.
    1. Medlem har høve til å nytta kun ein parkeringsplass pr båtplass han disponerar innanfor dei parkeringsplassane for bil som er knytta til båthavna.
  13. Det er ikkje moglegheit for framleige av båtplass. 
  14. Ved oppseiing av båtplass, betaler ein hamneavgift frå Ol.XX til 31.12.XX.(Dersom oppseiing kjem i denne perioden, tilbakebetalast ikkje noko av hamneavgifta). Innskot skal tilbakebetalast etter regel for nedskriving av flytebrygge. Innskot på 10.000,- er ein eingongsinnbetaling for nye medlemmer som ikkje hadde båtplass før 2010 og vert såleis ikkje tilbakebetalt. Judaberg Båtforening har rett til å utsetje tilbakebetalinga av innskot i 6 månadar etter å ha motteke skriftlig oppseiing av båtplass. Vert båten liggjande lengre i påvente av sal/fjerning er medlemmet ansvarlig for årsavgift og hamneavgift i venteperioden.
  15. Styret kan ekskludera medlemmar som ikkje gjer opp for seg økonomisk, eller på annan måte ikkje rettar seg etter vedtektene og vedtak i styret. Melding om eksklusjon skal sendast i rekommandert brev, og med ein månads frist til å ordna opp i dei forhold som ligg til grunn for eksklusjonen. Båt(ar) til ekskluderte medlemmer som blir liggjande i hamnene etter eksklusjon, kan fjernast for      eigars rekning og risiko.
  1. Alle medlemmer har plikt til å vara med å gjera dugnad på båtforeininga sine eigedommar. Medlemmer som ikkje møter til dugnad, kan i staden måtta betale for seg.
  2. Medlemmer som har noko og klaga på, skal melda dette skriftleg til styret.
  3. Vedtektene kan end rast med 2/3 fleirtal av årsmøtet . Framlegg om endring må vara styret i hende seinast 15. januar i året for årsmøte.
  4. Judaberg Båtforening skal føre ei ajourført venteliste på båtplassar.